Om Landsbylegane

Ved Landsbylegane Stord AS arbeider det 4 fastlegar som har avtale med Stord kommune. Kontoret har fastlegeansvaret for omlag 4500 innbyggjarar.

Kontoret er ein fullverdig allmenpraksis med 2 spesialistar i allmenmedisin og 2 allmenlegar under spesialisering i allmenmedisin.

Vi utfører utgreiing og behandling av sjukdomar, skadebehandling, småkirurgi, rutineundersøkingar som t.d celleprøvetaking samt tilvising til offentleg eller privat spesialisthelseteneste når det er naudsynt. 

Om nokon av våre listepasienter av ulike grunnar, ikkje kan møta på kontoret, kan legane koma i heimebesøk. Meld frå om det er trong for heimebesøk direkte eller på telefon til resepsjonen vår. 

Kvar lege har ledige timar reservert for henvendelsar som treng raskt tilsyn av lege.

NB! Ved kritisk sjukdom som krev hjelp med ein gong–  ring 113.

I tillegg til arbeid som fastlegar, har legane også anna offentleg helsearbeid. Difor er ikkje legane tilstades alle vekedagar. Du finn kva dagar legane er tilstades ved Landsbylegane ved å klikka på "Ansatte" øverst på sida.

Hensikten med denne heimesida er å gjera det lett og raskt for deg å koma i kontakt med oss. Her kan du gjere enkle bestillingar utan ventetid på telefonen. Du kan:

  • Bestilla time

  • Fornya reseptar på faste medisinar

  • Gje korte meldingar

 

Konsultasjonar​

Influensavaksine

Prevensjon og

forebyggjande medisin

Petroleumlegar​

Heimebesøk​

Graviditetskontroll​

Blodprøvar

 
 

Kontakt oss

Opningstider:

Måndag-torsdag: 08.00 - 15.00
Fredag: 08.00 - 14.00

Telefontider:
08.00 - 11.00
12.00 - 13.30

Post:

Landsbylegane Stord AS

Postboks 53

5401 Stord

Besøk :

Landsbylegane Stord AS

Torgbakken 2

5411 Stord 

Telefon:    53 40 42 30

Faks:         53 40 42 33